gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Vesentlege vassforvaltningsspørsmål for Vassregion Sogn og Fjordane

Dokumentet Vesentlege vassforvaltningsspørsmål er godkjent av Sogn og Fjordane vassregionutval og er no ferdigstilt. Dokument gir ein oversikt over tilstanden til vatnet, påverknadar og utfordringar for vassregionen. Åtte hovudutfordringar for vassmiljøet er identifisert.

Sogn og Fjordane vassregionutval har identifisert følgjande hovudutfordringar for vassmiljøet  (uprioritert rekkefølgje);

  • Mangelfullt kunnskapsgrunnlag                                                                         
  • Finansiering - manglande resursar til å gjennomføre arbeidet etter vassforskrifta.
  • Sur nedbør – langtransportert ureining
  • Vasskraft
  • Miljøgifter
  • Akvakultur
  • Kommunale avløp - separate avløpsanlegg
  • Sjødeponi 

Vesentleg vassforvaltningsspørsmål

VEDLEGG

 

 Risikerer å ikkje nå miljømålet

Sur nedbør og fysiske inngrep er dei viktigaste påverknadane i vassdrag. I kystvatn er ureining frå industri den største påverknaden i kystvassførekomstane.

Om lag 51 % av elvane, 62 % av innsjøane og 10 % av kystvatn er satt i risiko for ikkje å nå miljømålet om god tilstand innan 2021. Sur nedbør og vassdragsreguleringar er viktigaste årsak til vassførekomstane i ferskvatn er satt i risiko. Påverknad av ureining frå industri, hamner, avløp og landbruk er årsak plassering i risiko i ein del vassførekomstar i kystvatn. Dersom vatnet vårt ikkje er i den tilstanden vi ønskjer, må vi gjere tiltak for å nå miljømålet vår.

 

Forvaltningsplan ferdig 2015
Dokumentet har vore på høyring i 6 månadar frå 1. juli 2012 med høringsfrist 31. desember 2012.Det kom inn 36 høyringsfråsegner. Eit notat summerer opp høyringsuttalene.

Forvaltningsplanen for vassregionen med eit tilhøyrande tiltaksprogram vil avklare korleis vi skal møte dei utfordringane som vert avdekka i dokumentet Vesentlege vassforvaltningsspørsmål. Forvaltningsplanen vil bli ferdigstilt i 2015.

Trendanalyse
I vedleggsdelen ligg dokumentet «Analyse av trendar - samfunnsutvikling og påverknader av vassmiljø mot 2021 for vassregion Sogn og Fjordane». Dette vedlegget inneheld mykje informasjon om samfunnsutvikling og moglege påverknadar på vassmiljøet fram mot 2021. Dokumentet kan vere nyttig bakgrunn til hovuddokumentet Vesentlege vassforvaltningsspørsmål.

Oversendingsbrev 2 des 2013

Publisert: 05. desember 2013 Sist oppdatert: 20. januar 2015