gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Referat frå møtet i vassområdeutvalet 1. oktober 2012

Hovudsak på møtet var innspel til nasjonal gjennomgang og prioritering av komande revisjonar av vassdragskonsesjonar. Olje og energidepartementet og Miljøverndepartementet har teke initiativ til ein slik prioriteringsliste. Vassområdeutvalet peikar på at arbeidet dette arbeidet burde vore samkøyrd med framdrifta i arbeidet med vassforskrifta.

Vedtak i vassområdeutvalet

Indre Sogn Vassområde vil peike på at innspel til gjennomgang og prioritering av vassdragskonsesjonar, burde vore samkøyrd med framdrifta i arbeidet med vassforskrifta. Framlegg til prioriteringar må ikkje avgrense handlingsrommet til kommunane, vassområda, vassregionen og vassregionmynda i den vidare plansamanhengen. Indre Sogn Vassområde vil presisere at den nasjonale prioriteringa ikkje må legge føringar for tiltaksanalysane og forvaltningsplanen som fylkestinga skal vedta i 2015.
Når det gjeld kategoriseringa av dei einskilde vassdragskonsesjonane vert dette opp til kvar kommune i vassområde.
Publisert: 05. oktober 2012 Sist oppdatert: 30. mars 2015