gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Dårleg tilstand i 5 elvar i Indre Sogn

Ei enkel vasskjemisk undersøking tyder på at vasskvaliteten er for dårleg i Njøsaelvi, Dalselvi, Fardalselvi , Horpedalselvi og Mundalselvi. Arealavrenning frå gjødsel, beita areal eller kloakk er hovudårsaken til den dårlege tilstanden.

Tolv vassdrag er undersøkt i mai og juli 2013 i Indre Sogn. Vassdraga er naturleg næringsfattige. Fleire av vassdraga er påverka av smeltevatn frå bre. Rådgivande Biologer AS har på oppdrag frå Indre Sogn vassområde utført ei enkel undersøking av vasskvaliteten i Indre Sogn vår og sommar 2013. 

Resultat og rapport

Arealavrenning frå gjødsel eller beita areal er hovudårsaka til meir tarmbakteriar i vatn i juli enn i mai på dei fleste prøvetakingspunkta.  Prøvene frå juli månad hadde lågast innhald av næringsstoff. Vassføringa var høgare i juli enn i mai. Dette tilseiar fortynning av direkte tilførslar. Meir informasjon om resultata frå vassdraga finn du i rapporten frå Rådgivande Biologer AS.  Ein oversikt over tilstanden i vassdraga er utarbeida på grunnlag av rapporten.

Prøvetaking

Frå kvar stasjon er det samla inn 2 prøver i år, ei prøve i mai og ei i juli. Tolv vassdrag inngår i prøvetakingsprogrammet med tilsaman 33 stasjonar. I kvart vassdrag er det teke prøver frå 1 til 5 stasjonar. Prøvene i mai er teke i ein periode med låg vassføring. Prøvene frå juli er teke med meir nedbør og høgare vassføring. Det er ikkje teke mange nok vassprøver til å vurdere den kjemiske tilstanden i elva eller innsjøen  godt. Men vassprøvene kan gi ein indikasjon på om vasskvaliteten er for dårleg. For å sei noko om plante- og dyrelivet i elva er negativt påverka av ureining, må det takast biologiske prøver frå elva eller innsjøen. Vassforskrifta set krav om minst god økologisk tilstand i vassførekomstane.

Mål for undersøkingane

Målet for undersøkinga er å få ei enkel kartlegging av tilstanden i 12 utvalte vassdrag. Vassprøvene er analysert for parametre som vil fange opp ureining frå landbruk og avløp/kloakk. Undersøkingane er meint å sortere bort dei vassdraga som ikkje har omfattande ureiningsproblem. Nærmare undersøkingar bør gjerast i vassdrag der det er påvist dårleg tilstand, både for å kartleggje tilstanden betre og å finne fram til tiltak som kan betre vasskvaliteten. Tiltak for å heve vasskvaliteten må gjennomførast i dei vassførekomstane som har får dårleg tilstand. 

Kontaktpersonar;

Indre Sogn vassområde, Aurland kommune: Bjørn Sture Rosenvold (bsr@aurland.kommune.no)

Fylkesmannen John Anton Gladsø (fmsfjag@fylkesmannen.no)

Publisert: 27. august 2013 Sist oppdatert: 10. august 2016