gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Alge- og botndyrundersøkingar i elver

Vassområda Indre Sogn og Ytre Sogn har leigd inn Faun Naturforvaltning AS til å undersøke botndyr, påvekstalgar og heterotrof begroing i 21 elver og bekker, for å finne ut av grad av avløp- og landbruksureining. 

Prøvetaking av botndyr i Sogndalselvi (Foto: Christian E. Pettersen).

Dei biologiske undersøkingane er i tillegg til vassprøver, som vassområdet tek sjølve. Fordelen med førstnemnde er at der vassprøver gjev augneblinksbilete på ureiningssituasjonen, seier dei biologiske prøvene noko om korleis forholda har vore over lenger tid.

Feltarbeidet i prosjektet blei ferdig nå i oktober. Nå gjenstår det rapportskriving og analyser av prøvene som er samla inn. Arbeidet skal vere ferdig våren 2019. Elvene i Indre Sogn vassområde som inngår i prosjektet er Njøsaelvi i Leikanger kommune, Sogndalselvi, Fardalselvi og Tverrgrovi i Sogndal kommune, og Dalselvi, Skjervelvi, Modvagrovi, Yttrisgrovi og Myklemyrkanalen i Luster kommune. 

Publisert: 29. oktober 2018 Sist oppdatert: 29. oktober 2018