gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Kommunane i gang med å ta vassprøver

I mai månad gjekk fleire av kommunane i Indre Sogn vassområde i gang med årets vassprøvetaking.

Vassprøvetakinga er ein del av kommunanes oppfølging av vassforskrifta, og har som mål å gje ein peikepinn på miljøtilstanden og eventuell ureining i dei undersøkte elvene. Ein del av elvene skal også undersøkast nærare av konsulent med m.a. prøver av botndyr og begroingsalgar.

Ei oversikt over kva for elver som blir undersøkt i år blir lagt ut her på Vannportalen i løpet av månaden.

Publisert: 04. juni 2018 Sist oppdatert: 04. juni 2018