gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Miljøundersøkingar i vassområdet i 2018

Det blir i år gjort ei rekke miljøundersøkingar i regi av vassområdet. Hovudføremålet med undersøkingane er å avklare økologisk tilstand i vassførekomstar oppført i regionalt tiltaksprogram, utgreiing av tiltak, og heving av kunnskapsnivået for vassførekomstar med liten oversikt over påverknad frå landbruk, avløp, forbygningar og kanaliseringar.

Tverrgrovi i Fjærland, Sogndal kommune, ei av elvene som undersøkast i år (Foto: Christian E. Pettersen).

Miljøundersøkingane er organisert og planlagt av vassområdet. Gjennomføringa er det konsulentar, vassområdekoordinatoren, og tilsette i kommunane, som står for. Sjå den vedlagte oversikten for informasjon om kva for vassførekomstar som blir undersøkt.

Publisert: 28. september 2018 Sist oppdatert: 28. september 2018