gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Meir kunnskap om miljøtilstanden i vassdraga våre i ny rapport

På oppdrag frå vassområdeutvalet i Indre Sogn med fleire, gjorde Faun Naturforvaltning i 2018, biologiske undersøkingar i 22 elver/bekker.

Prøvetaking av botndyr (foto: Christian E. Pettersen)

Elvene/bekkene som blei undersøkt i Indre Sogn vassområde var Njøsaelvi, Fardalselvi (Sogndal), Sogndalselvi, Tverrgrovi, Dalselvi (Luster), Myklemyrkanalen, Yttrisgrovi, Modvagrovi og Skjervelvi.

Undersøkinga tok føre seg begroingsalgar og botndyr og så spesielt på korleis eutrofiering og forsuring har påverka miljøtilstanden i elvene/bekkene. Resultata viser at 10 av 14 undersøkte lokalitetar i Indre Sogn vassområde har «god» økologisk tilstand. 2 av stasjonane har «moderat» økologisk tilstand, 1 har «dårleg» tilstand og 1 «svært dårleg» tilstand. Resultata viser vidare at der tilstanden er «moderat» eller dårlegare er det i hovudsak eutrofiering som er forklaringa på problema. Kjeldene til eutrofieringa kan vere kloakk, jordbruk og/eller industri.

Les meir om resultata i rapporten. Last ned rapporten ved å klikke på lenka under.

Publisert: 10. mai 2019 Sist oppdatert: 10. mai 2019