gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Ny vassforvaltningsplan for Vestland – no kan du kome med innspel til tiltak

Foto: Christian E. Pettersen.

Sei di meining om vatnet vårt

Korleis står det til med vatnet der du bor, og korleis kan vi ta betre vare på det? No kan alle som vil kome med innspel om korleis vi bør forvalte vatnet.

Vatnet blir utsatt for mange påverknadar frå det fell som nedbør i fjellet, renn ned bratte lier, gjennom elver, bekker og innsjøar og til slutt renn ut i fjordane våre. På vegen passerer vatnet gjennom urørte landskap, men også område der det bur og arbeider mange menneske, noko som gjev mange påverknadar.

Vassforvaltninga i Noreg skal bidra til beskyttelse og berekraftig bruk av vatnet vårt.

Etter vassforskrifta skal kvar av vassregionane i Noreg ha ein vassforvaltningsplan med miljømål for alt vatn i elver, innsjøar, kystvatn og grunnvatn. Planen skal også ha eit tiltaksprogram med forslag til tiltak for å betre miljøtilstanden i vatnet, og komebeskytte mot dårlegare tilstand.

Vassforvaltningsplanen som gjeld no blei godkjent i 2016, og varar ut året 2021. No startar arbeidet med å revurdere og oppdatere planen, slik at den nye planen er klar til gjennomføring i perioden 2022-2027.

Innspel til tiltak

Er det tiltak du meiner bør gjerast for å betre miljøtilstanden i ei elv, innsjø, fjord eller langs kysten, kan du no kome med innspel til tiltak. Innspel på tiltak kan til dømes vere for å redusere påverknad frå jordbruk, avløp, avfallsplassar, industri, fiskeoppdrett, framande artar, vasskraft, bekkar og elvar som er lagt i røyr, utretta, førbygde etc.

Frist for å kome med innspel er 1.1.2020. Ansvarleg sektorstyresmakt for tiltaket, vil vurdere om tiltaket bør inngå i tiltaksprogrammet. Eit innspelsskjema blir lagt ut på nettsida til Sogn og Fjordane vassregion på vannportalen.no/sognogfjordane i oktober 2019. Har du spørsmål er du velkomen til å ta kontakt med vassområdekoordinator.

Publisert: 29. oktober 2019 Sist oppdatert: 29. oktober 2019