gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Rapport om tilstand i innsjøar 2018

Vassområda i Sogn og Fjordane leigde Faun naturforvaltning AS til å undersøke planteplankton i 20 innsjøar i 2018. To av innsjøane var i Indre Sogn vassområde.

Resultata tilsvarer god økologisk tilstand i dei to undersøkte innsjøane i Indre Sogn. Det var gjennomgåande lite planteplankton i innsjøane. Grunnen til dette kan ha vore unormalt liten nedbør sommaren 2018 og dermed også liten avrenning frå landbruksareal m.m. Resultata kan difor ha vore betre enn normalt.

I Indre Sogn var det innsjøane Hafslovatnet (Luster kommune) og Torolmen (Årdal kommune) som blei undersøkt.

Undersøkinga vart finansiert av kommunane, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Miljøovervåking innsjøer SF 2018, rapport.pdf

Vedlegg, artslister planteplankton, SF 2018.pdf

Publisert: 19. juni 2019 Sist oppdatert: 19. juni 2019