gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Vassprøvetaking i Indre Sogn vassområde i 2019

Fleire av elvene og bekkene i vassområdet blir undersøkt med vassprøver i 2019. Det er kommunane i samarbeid med vassområdekoordinator som står for denne jobben.

Vassprøvetaking i Sogndal kommune (foto: Christian E. Pettersen).

Det blei teke vassprøver også i 2013, 2017 og 2018. Vassprøvene gjev oss kunnskap om miljøtilstand og ureining i vassførekomstar der vi veit lite om dette frå før. Vassprøvene er også viktige verktøy for å følgje utviklinga i vassførekomstar der det blir jobba med tiltak.

Vassprøvene er spesielt egna til å undersøke for avløp- og landbruksavrenning. I enkelte vassførekomstar blir også vassprøvene analyserte for miljøgifter.

Årets vassprøvetaking gjeld vassførekomstane lista opp nedanfor. For nokre av vassførekomstane blir det teke prøver berre ved utløpet, mens andre har fleire prøvetakingsstasjonar. Det blir teke til saman fire vassprøver på kvar prøvetakingsstasjon i løpet av sesongen.

Elv/bekk

Vassførekomst ID

Kommune

Fortundalselvi (nedre del)

075-27-R

Luster

Dalselvi

076-3-R, 076-95-R

Luster

Sidebekk Dalselvi, Bruflat

-

Luster

Sidebekk Dalselvi,   Falkegjerdet

076-95-R

Luster

Tverrelvi

076-95-R

Luster

Lundsgrovi

076-95-R

Luster

Ligrovi

076-95-R

Luster

Tverrgrovi

078-56-R

Sogndal

Mundalselvi

078-95-R

Sogndal

Bekk ved Kvåle

077-88-R

Sogndal

Bekk ved Flugheim

077-88-R

Sogndal

Hausa

077-88-R

Sogndal

Amlaelvi

077-63-R

Sogndal

Publisert: 03. juli 2019 Sist oppdatert: 03. juli 2019