gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Om vassområdet

Indre Sogn vassområdeutval er eit samarbeidsorgan for kommunar, statlege styresmakter og fylkeskommunen, for å ivareta oppgåver etter vassforskrifta i vassområdet. Det overordna målet er å sikre god økologisk tilstand/potensial og god kjemisk tilstand i alle elvar, innsjøar, kystvatn og grunnvatn.

Felles vassforvaltningssamling for vassområdekoordinatorane, fylkeskommunane og fylkesmannembeta frå Hordaland og Sogn og Fjordane (foto: Christian E. Pettersen).

Vassområdet er samansett av hovudkommunane Aurland, Leikanger, Sogndal, Luster, Lærdal og Årdal. Kommunane Vik, Balestrand, Førde, Jølster, Stryn, Lom, Skjåk, Hemsedal, Vang, Hol, Ål, Ulvik, Vaksdal og Voss har mindre areal i vassområdet. Desse kommunane har imidlertid den største delen av sine respektive areal i tilgrensande vassområde, og deltek berre i arbeidet i Indre Sogn vassområde ved spesielle høve.

Prosjektplanen for 2016-2021 omtalar bakgrunn, mål, organisering, oppgåver, framdrift og økonomi for vassområdet. Kommunane er areal- og planstyresmakt og har sektormynde på område som landbruk, miljø, vatn og avløp, ureining etc. Kommunane har eigne verkemidlar og/eller har delegert myndigheit frå staten. Kommunane har difor ei særrolle i vassområdeutvalet, og mykje av arbeidet i vassområdet blir gjort for å bistå kommunane. Av dei seks kommunane som har størsteparten av arealet sitt innanfor Indre Sogn vassområde, har fire slutta seg til prosjektplanen ved politiske vedtak. Desse fire er Leikanger, Luster, Sogndal og Årdal.

Drifta av vassområdet er finansiert gjennom eit spleiselag mellom kommunane som har slutta seg til prosjektplanen (50 %) og fylkeskommunen (50 %), som skildra i prosjektplanen. Prosjektleiar for vassområdet er tilsett av Sogn og Fjordane fylkeskommune, og har sin daglege arbeidsplass på Fylkeshuset på Hermansverk i Leikanger kommune. Forutan å drifte vassområdet, jobbar prosjektleiar i hovudsak opp mot dei fire kommunane som har slutta seg til prosjektplanen.

Publisert: 23. oktober 2018 Sist oppdatert: 23. oktober 2018