gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Organisering

Indre Sogn vassområde har organisert seg med vassområdeutval, referansegruppe og ei prosjektgruppe som tek i vare sekretariatfunksjonen.

Vassområdeutval

I vassområdet er det oppretta eit vassområdeutval som fungerer som styringsgruppe for prosjektet, med ein politisk vald og ein administrativ representant frå kvar kommune, i tillegg til representantar frå fylkeskommune og regionale sektorstyresmaktar. Ei liste over medlemmane i vassområdeutvalet er tilgjengeleg nedst på denne sida.

Prosjektgruppe og prosjektleiar

Prosjektgruppa skal vere sekretariat og koordinator i arbeidet med å skaffe faglege opplysningar og informasjon til tiltaksanalysen og forvaltningsplanen. Prosjektgruppa, eventuelt i samarbeid med temagrupper, utarbeider framlegg til tiltak og arbeidsoppgåver som skal gjennomførast på vassområdenivå, og rapporterer til vassområdeutvalet. Prosjektgruppa er samansett av representantar frå administrasjonen i kommunane i vassområdet og prosjektleiar (sjå oversikt over medlemmar i lenke nedst på sida). Prosjektgruppa inviterer regionale etatar inn i arbeidet etter behov.

Prosjektleiar fungerer som sekretær i denne gruppa.

Referansegruppe

I følgje prosjektplanen for Indre Sogn vassområde for 2016-2021 skal det opprettast ei referansegruppe for prosjektet. Denne er tenkt samansatt av frivillige organisasjonar, interessentar, private verksemder og enkeltpersonar i vassområdet. Referansegruppa skal få orientering om arbeidet i vassområdet og gjevast høve til å kome med tilbakemeldingar og innspel på arbeidet, og å delta på møte og synfaringar.

Prosjektplan

Organiseringa skildra ovanfor er gjeve av prosjektplanen for Indre Sogn vassområde for 2016-2021. I tillegg til organiseringa viser prosjektplanen prosjektet si finansiering, framdriftsplan og ei oversikt over arbeidet som skal utførast i prosjektperioden. Prosjektplanen kan du lese ved å klikke på lenka nedanfor.