gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Prosjektgruppa+landbrukssjefar 18. feb 2016

Møte med prosjektgruppa og landbrukssjefane i kommunane. Orientering om arbeidet etter vassforskrifta, erfaringsutveksling, landbrukstiltak og utfordringar ved gjennomføring.

Innleiing v prosjektleiar
Referat

Oppsummering av innspel på møtet:

Husdyrgjødsel og avrenning:

  • Dagens strukturrasjonalisering mot større einingar og mykje leigejord medfør utfordringar å ta i bruk tilstrekkeleg med spreieareal for husdyrgjødsel. Husdyrgjødsel vert eitt problem i staden for ein ressurs.
  • Ubrukte gjødsellager nær spreieareal som ligg langt frå driftssenter kan fungere som eksterne gjødsellager. Transporten kan då gjerast på tider av året der ein har betre tid.
  • Gjødsellager med for liten kapasitet er ei utfordring. Medfør behov for gjødselspreiing på ugunstige tidspunkt. Nedbør i opne lager. Endring i dyretal.
  • Det er behov for tilskot til å føre opp tak over gjødsellager
  • Frist for spreiing av husdyrgjødsel utan nedmoldning:

1. september (ingen lokal forskrift) – Selje

15. september – Jølster, Vågsøy, Eid, Hornindal, Stryn

20. september – Bremanger

25. september –Gloppen

  • Landbruksrådgjevinga bør få opplyst kva for vassdrag som er i risiko, og ta omsyn til dette ved utarbeiding av gjødselplanar.
  • Eventuelt tiltak med 10 m ugjødsla randsone vil føre til avlingstap / inntektstap og må difor vere godt grunngjeve med erfaringstal frå grasdyrka område, ikkje kornåker.
  • Ved planlegging av større utbyggingar er det viktig å ta omsyn til miljø, ved risikovurdering og dimensjonering av gjødsellager.
  • Fosfor som er lagra i jorda i tidlegare år, vil truleg kunne leke ut og ureine lenge etter at tiltak med redusert gjødsling er sett inn.

Punktutslepp:

  • Rundball-lagring kan føre til betydeleg utsig av organisk stoff.
  • Regelverket for rundball-lagring nær vassdrag har lite konkrete haldepunkt og difor vanskeleg å handheve.
  • Det er generelt mindre problem med andre punktutslepp no enn tidlegare.

Informasjon og kontroll:

  • Viktig å sette fokus på utfordringar og gode døme. Oppslag i lokalaviser.
  • Brev til bønder om rundball-lagring, gjødselspreiing m.m. har god effekt.
  • Kommunane kontrollerer 5 % av søkjarar om produksjonstilskot, men elles lite kontroll av ureining.
Publisert: 18. februar 2016 Sist oppdatert: 18. februar 2016