gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Oppretting av Stryn vassutval

God vasskvalitet i alt overflatevatn, grunnvatn og kystvatn er målet i vassområdet Stryn.

Målet for den nye vassforvaltingsforskrifta er å sikre at overflatevatn, grunnvatn og kystvatn har god nok vasskvalitet, eller det forskrifta kallar god økologisk status. Der det ev. ikkje er god vasskvalitet eller god økologisk status, skal dette bli retta opp i samsvar med forvaltingsplanen for området.

I 2007 vil  fylkesmannen ta for seg vassområdet Stryn og gi dei ulike vassførekomstane ein status/tilstand (karakterisering). Denne tilstandsvurderinga vil leggje grunnlaget for det vidare arbeidet med forvaltningsplanen for området. Til forvaltningsplanen vil det bli utarbeidd eigne planar for overvaking og tiltak i vassførekomstane. Forvaltningsplanen vil bli vedtatt i Fylkestinget og godkjent i Regjering.

Stryn vassutval blir oppretta som eit resultat av at vassområdet Stryn blir først ute med å få ein forvaltingsplan i fylket (første planfase). Utvalet vil ha formelle oppgåver knytt til EU sitt vassrammedirektivet /vassforvaltingsforskrifta og forvaltingsplanen. I utvalet vil regionale etatar, Stryn kommune og ev. interesseorganisasjonar sitte. Stryn kommune vil leie utvalet. Dette blei vedteke på eit møte mellom dei ulike aktørane i Stryn 21. mai 2007.

 

Lenkjer:

Invitasjonsbrev med program til møtet 21.05.07 – Vassområdet Stryn

Referat frå møtet 21.05.07 – Vassområdet Stryn

Foredrag frå møtet 21.05.07 – Vassområdet Stryn:

For meir informasjon om forskrifta om rammer for vassforvaltinga i Noreg og arbeidet knytt til EU sitt rammedirektiv for vatn, sjå www.vannportalen.no.

Publisert: 19. oktober 2007 Sist oppdatert: 30. mars 2015