gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Kva for utfordringar har vatnet i Stryn? Høyringskonferanse

Mykje bra vatn i Stryn vassområde, men vasskvaliteten i fleire  elvar og i sjøområda bør bli betre. Delta på høyringskonferansen og bidra med innspel til kva som bør prioriteras i vassområdet .

Høyringskonferanse - Ope møte
Onsdag 26.mars kl 1800-2000. Høyringskonferanse om sentrale utfordringar i
Stryn vassområde. Fylkesmannen i Hordaland og Sogn og Fjordane orienterer. Ope for publikum.
 
Tilstanden i alle innsjøar og elvar, alt grunnvatn og sjøområde innanfor Stryn vassområde er vurdert i forhold til den nye vassforvaltningsforskrifta (EUs vassrammedirektiv). Målet for vassforvaltingsforskrifta er å sikre at overflatevatn, grunnvatn og kystvatn har god vasskvalitet. Der det ev. ikkje er god vasskvalitet, skal dette bli retta opp i samsvar med ein forvaltingsplan for området.
 
Stryn vassområde dekker i hovudsak vassdraga Olden, Loen, Vikja og Strynevassdraget samt sjøområda  inst i Faleidfjorden og alt grunnvatn i området. Vassområdet Stryn blir først ute med å få ein forvaltingsplan i fylket. I samband med dette arbeidet er Stryn vassutval oppretta. Utvalet leia av Stryn kommune, vil ha formelle oppgåver knytt til vassforvaltingsforskrifta og forvaltingsplanen.
 
(25.03.2008 Oppdatert: 29.10.2012)
Relaterte artiklar
Relaterte lenkjer
Kontaktpersonar
Publisert: 25. mars 2008 Sist oppdatert: 30. mars 2015