gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Høyring av første plan for vassforvaltning på Vestlandet

Forvaltningsplanen for heilskapleg vassforvaltning for perioden 2010 – 2015 gjeld Stryn vassområde i Sogn og Fjordane og Nordåsvannet vassområde i Hordaland. Fristen for å komme med uttaler er 31. juli  2009.

Plan med miljømål, tiltak og overvaking av vassdraga
Forvaltningsplanen er den samla planen for forvaltninga av vassforekomstane i vassregionen, og er den formelle planen etter Vassforskrifta. Den skild­rar mil­jømål, prioriterte tiltak og overvakingsplan for Stryn vassområde og Nordåsvannet vassområde. Tiltaksprogrammet skildrar tiltaka meir i detalj, og er lagt ved forvaltningsplanen. Utkastet til tiltaksprogram er også på høyring.
 
Mål om god miljøtilstand og samordna forvaltning
Arbeidet med regionale forvaltningsplanar for vatn er heimla i den norske Vassforskrifta, som trådde i kraft frå 1.1. 2007. Vassforskrifta styrer arbeidet i Noreg med å sette ut i livet EU sitt Vassdirektiv. Det er Stortinget som har vedteke at Norge skal slutte seg til dette direktivet, som vart innlemma i EØS-avtalen i 2008. Miljøverndepartementet har ansvaret på nasjonalt nivå for gjennomføringa av arbeidet etter Vassfor­skrifta i Norge. Hovudmålet med arbeidet etter Vassforskifta er å sikre god miljøtilstand i overflatevatn, grunnvatn og kystvatn gjennom ei heilskapleg vassforvaltning.
 
Forvaltningsplanen legg grunnlaget for andre planar
Fylkesmannen i Hordaland er vassregionmyndigheit for vassregion Vestlandet . Det er  vassregionmyndigheita (VRM) i samråd med vassregionutvalet (VRU) som har utar­beidd utkastet til forvaltningsplanen, som skal vedtakast som fylkesdelplan etter plan- og bygningslova. Fylkestinga skal handsame og vedta planen etter denne høyringsrunda. Etter vedtak i fylkestinga skal Regjeringa god­kjenne forvaltningsplanen. Den godkjente planen skal leggjast til grunn for fylkeskommunal verksemd og vera retnings­gjevande for kommunal og statleg planlegging og verksemd i vassregionen.
 
Open prosess
Etter Vassforskrifta skal arbeidet med vassforvaltninga vere open og skje i dialog med alle partar som har interesser i vassforekomstane. Dette utkastet til forvaltningsplan skildrar korleis dette arbeidet er organi­sert i vassregion Vestlandet med Fylkesmannen i Hordaland som vassregionmyndigheit, med vassregionutval, regional referansegruppe, Stryn vassutval og Nordåsvannet vassutval.
 
Ønsker innspel til utkastet
Dette høyringsutkastet er meint for ålmenta, fylkeskommunar, kommunar og statlege sektorstyresmakter.  I denne høyringsrunda er vi interesserte i å få kommentarar til vurderingane av miljømål, tiltak og utsetting av tiltak. Ikkje minst er det nyttig med kommentarar til organiseringa og status. Frå 1.1.2010 skal denne forvaltningsplanen vere retningsgjevande for arbeidet til dei styresmaktene som er ansvarlege for å sette inn tiltak som er naudsynte for å nå dei måla som forvaltningsplanen skildrar. Det er derfor viktig at dei relevante styresmaktene allereie i høyringa nå kommenterar tiltak som er foreslått og den plasseringa av ansvar for tiltaka som er presentert.
 
Høyringsfrist er 31. juli 2009
Skriftlege kommentarar og synspunkt kan sendast innan 31. juli 2009 til:
 
Vassregion Vestlandet
Fylkesmannen i Hordaland
Postboks 7310
5020 BERGEN
 
Send gjerne kommentarar og synspunkt på e-post til postmottak@fmho.no. Merk e-posten med Innspel til forvaltningsplan for vassregion Vestlandet
 
Les utkast til til forvaltningsplan og tiltaksprogram i linkane under. Grunnlaget for innhaldet i tiltaksprogrammet kjem frå tiltaksanalysane som er utarbeidd i Stryn og Nordåsvannet vassområde. Linkar til desse tiltaksanalysane finn du også nedanfor.  Vi gjer merksam på at det er forvaltningsplanen med tiltaksprogram som er på høyring.  Dei to tiltaksanalysane er ikkje på høyring.
(30.01.2009 Oppdatert: 29.10.2012)
Relaterte dokument
Kontaktpersonar
Publisert: 30. januar 2009 Sist oppdatert: 30. mars 2015