gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Stryn vassområde: Ope høyringsmøte tysdag 9.juni om forvaltningsplan

Utkast til forvaltningsplan m/tiltaksprogram for vassregion Vestlandet, inkludert Stryn vassområde, er sendt på høyring tidligare i vår. Fristen for å komme med høyringsuttaler er 31.juli.2009. Dette kan ein lese meir om på nettstadenwww.vannportalen.no/vestlandet.

I samband med høyringa vert det arrangert lokalt høyringsmøte for Stryn vassområde
tysdag 9. juni 2009
 kl. 20-22 i Stryn kulturhus, Stryn.

Program:

  • Innleiing (v/ Stryn kommune)
  • Undersøkingar i sjø hausten 2008 i Stryn vassområde – presentasjon av NIVA- rapport
    (v/ Fylkesmannen i Sogn og Fjordane)
  • Forvaltningsplan og tiltaksprogram for vassregion Vestlandet med vekt på tilhøva i Stryn vassområde (v/ Fylkesmannen i Sogn og Fjordane)
  • Debatt

Møtet er ope for alle interesserte og er gratis. Det er inga påmelding til møtet, som arrangerast i samarbeid mellom Stryn kommune, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Fylkesmannen i Hordaland. Fylkesmannen i Hordaland er vassregionmyndigheit for vassregion Vestlandet, som omfattar fylka Sogn og Fjordane og Hordaland.

Spørsmål om arrangementet kan ein rette til Odd Rønningen i Stryn kommune på
telefon 57874716 /
 57874700



(02.06.2009 Oppdatert: 29.10.2012)
Relaterte dokument
Kontaktpersonar
Publisert: 02. juni 2009 Sist oppdatert: 30. mars 2015