gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Oppstartsmøte for Nordfjord vassområde

Oppstartsmøte i Nordfjord vassområde vert halde torsdag 3. mars kl. 10.00 i Sandane Næringspark. På møtet vil det bli valt ein vertskommune for vassområdet og ein representant til arbeidsutvalet til vassregionutvalet.

Gloppen kommune har ansvar for innkalling til møtet. Kontaktperson er Einar Holmøy.

Nordfjord vassområde omfattar kommunane Bremanger, Eid, Gloppen, Hornindal, Jølster, Selje, Stryn og Vågsøy. Mindre areal av kommunane Luster, Skjåk, Stranda, Vanylven, Volda og Ørsta inngår og i vassområdet.

Stryn vassområde som vart etablert i første planfase, inngår no i Nordfjord vassområde.

Det er førebels ikkje oppretta ein prosjektleiarstilling for vassområdet. Spørsmål om arbeidet i vassområdet kan rettast til sekretariatet for vassregionmyndigheita (Sogn og Fjordane fylkeskommune) ved Merete Farstad
Relaterte dokument
Kontaktpersonar
Publisert: 18. februar 2011 Sist oppdatert: 30. mars 2015