gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Oppgåver for vassområda 2012

Vassområdautvala er viktige i arbeidet med å få til ein heilskapleg vassforvaltning. Mange viktige oppgåver ventar dei i år. Tidsfristar og ein møteplan fram til 1.7.12 er lagt for å holde fristane i vassforskrifta. Kva for oppgåver som ventar følgjer av oversikta under.

Viktige oppgåver for vassområdeutvala i 2012 er å;   

  • leggje til rette for lokal medverknad
  • sjekke om alle påverknader, opplysningar og data har kome med i Vann-nett slik at tilstanden i vassførekomstane vert rett vurdert
  • gi innspel til trendanalyse og dei viktigaste utfordringane i vassområde
  • gi innspel til brukarinteresser i vassområde
  • gi innspel til overvakingsprogrammet (pågåande, planlagd og behov for framtidig overvaking)
  • gi oversikt over beskytta område i vassområdet (m.a. drikkevasskjelder)
  • starte arbeidet med ein tiltaksanalyse for vassområdet

Oppgåvene er omtalt i eit brev til alle kommunar og sektorstyresmaktar i vassregionen frå vassregionmynda (fylkeskommunen).

Relaterte dokument
Kontaktpersonar
Publisert: 24. januar 2012 Sist oppdatert: 30. mars 2015