gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Sjekkar ureine elvar

Vassområde Nordfjord starta opp med vassprøvetaking i elvar og innsjøar 02. april 2013. Vi har for lite kunnskap om ein del vassdrag, og vil no supplere med nye analysar, seier Staffan Hjohlman, prosjektleiar for vassområdet.

Prøvene blir tatt i elvar og innsjøar som er antatt å ikkje nå miljømåla grunna påverknad frå landbruk, kommunale avløp, spredt busetnad og liknande, dvs ureining som kommunane er miljøstyresmakt for. Prøvane blir sendte til VestfoldLAB for analyse av mellom anna næringsstoff, bakteriar og klorofyll (algar).
Relaterte dokument
Publisert: 19. april 2013 Sist oppdatert: 31. mars 2015