gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Synfaring Nordgulen torsdag 13. juni

Alle interesserte er velkomne!
Har du sett endringar av miljøet i fjorden Nordgulen? Er det noko ein kan gjere for å betre fjordmiljøet? Eller vil du høyre kva miljøtiltak som blir gjort av Elkem, Bremanger Quarry og kommunen? Då kan dette vere noko for deg!
Oppmøte ved inngangen til rådhuset i Svelgen kl 10.00.
Eller på parkeringa ved Elkem kl 8.15, dersom du vil sjå avløp i Svelgen på fjøre sjø.

Synfaringa startar kl 8.15 med å sjå avløp i Svelgen på fjøre sjø.
Kl. 10.00 samling ved inngangen til rådhuset. Derifrå køyrer vi til Bremanger Quarry (Dyrstad) og får orientering.
Ca kl 11.00 tilbake til Svelgen, der Elkem vil orientere om sine utslepp, miljøovervaking og miljøtiltak. Deretter orientering om kommunale avløp, og Steinvik fiskefarm sine planar om settefiskanlegg.

Påmelding og informasjon:
Staffan Hjohlman, prosjektleiar, tlf 90 40 26 61
staffan.hjohlman@gloppen.kommune.no
www.vannportalen.no/nordfjord

Bakgrunn for synfaringa:
Som ledd i arbeid etter vassforskrifta (Forskrift om rammer for vannforvaltningen), vert det utarbeidd tiltaksanalyse innanfor kvart vassområde. Analysen skal liste opp og prioritere aktuelle tiltak for å avbøte negativ miljøpåverknad på vassførekomstar (elv, innsjø, fjord/kyst og grunnvatn). Utfordringar er då mellom anna å peike ut vassførekomstar som er påverka, og kva for påverknad som er vesentleg og kan gjerast noko med. Tilgjengelege ressursar vil alltid vere avgrensande på mengde og omfang av tiltak som er råd å gjennomføre. Utpeikinga av vassførekomstar og påverknader er gjort av Fylkesmannen, basert på tilgjengeleg kunnskap. For mange vassførekomstar er det behov for eit større kunnskapsgrunnlag enn vi har i dag, mellom anna lokal kunnskap om tilstand og historisk utvikling. Både frittståande einskildpersonar, verksemder, lag og frivillige interesse- og næringslivsorganisasjonar kan bidra til dette, og samtidig avdekke eventuelle interessemotsetnader.

Desse vil delta på synfaringane:
Fylkesmannen, Bremanger kommune, Elkem Bremanger, Bremanger Quarry, Steinvik fiskefarm og Vassområde Nordfjord.

Invitasjon er sendt relevante verksemder, lag og organisasjonar.

Publisert: 07. juni 2013 Sist oppdatert: 31. mars 2015