gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Synfaringar i Stryn og Hornindal 06. juni

Alle interesserte er velkomne. Tema vert økologisk tilstand, menneskeskapt påverknad og aktuelle tiltak i utvalde vassdrag. Personar med kunnskap om tilstand og utvikling i vassdraga er spesielt velkomne. Innspel kan og meldast på førehand.

Rettleiande oppmøtetidspunkt:
kl 10 Innvik (m.a. Storelva, Hildeelva): oppmøte Innvik kyrkje
kl 12 Kvernhusgrova (kulvert), sidebekk til Stryneelva
kl 13 Kjøsapollen, sørenden av brua
kl 14 Hornindal kommunehuset Smia (storelva)

Påmelding og informasjon:
Staffan Hjohlman, prosjektleiar, tlf 90 40 26 61
staffan.hjohlman@gloppen.kommune.no
www.vannportalen.no/nordfjord

Bakgrunn for synfaringa:
Som ledd i arbeid etter vassforskrifta (Forskrift om rammer for vannforvaltningen), vert det utarbeidd tiltaksanalyse innanfor kvart vassområde. Analysen skal liste opp og prioritere aktuelle tiltak for å avbøte negativ miljøpåverknad på vassførekomstar (elv, innsjø, fjord/kyst og grunnvatn). Utfordringar er då mellom anna å peike ut vassførekomstar som er påverka, og kva for påverknad som er vesentleg og kan gjerast noko med. Tilgjengelege ressursar vil alltid vere avgrensande på mengde og omfang av tiltak som er råd å gjennomføre. Utpeikinga av vassførekomstar og påverknader er gjort av Fylkesmannen, basert på tilgjengeleg kunnskap. For mange vassførekomstar er det behov for eit større kunnskapsgrunnlag enn vi har i dag, mellom anna lokal kunnskap om tilstand og historisk utvikling. Både frittståande einskildpersonar, verksemder, lag og frivillige interesse- og næringslivsorganisasjonar kan bidra til dette, og samtidig avdekke eventuelle interessemotsetnader.

Opplysningar om synfaringsobjekta:

Hildeelva, Innvik. Moderat tilstand (oppnår ikkje miljømåla etter vassforskrifta). Påverknader:
landbruk (middels grad),
Forbygging (liten grad),
Fiskevandringsbarriere i flg lokal kjentmann.

Storelva i Innvik: Påverknader:
Forbygging (middels grad),
Regulering (stor grad)

Bekk i Innvik sentrum (tilgroing / misfarging)

Kvernhusgrova, Stryn:
vegkulvert. Uni Miljø tilrår utbetring (sjå rapport: http://www.miljo.uni.no/wp-content/uploads/2013/03/Bekker-sogn-og-Fjordane-2012-II.pdf)

Kjøsapollen:
Delvis avsnørt av vegfylling. Miljøtilstanden har vore omtala lokalt.

Storelva i Hornindal. Påverknader:
landbruk (middels grad),
forbygging (stor grad),
renseanlegg (liten grad),
regulering (liten grad)

Desse vil delta på synfaringane:
Fylkesmannen, NVE, Statens vegvesen, Stryn og Hornindal kommunar, Vassområde Nordfjord.

Invitasjon er sendt relevante verksemder, lag og organisasjonar.

Publisert: 30. mai 2013 Sist oppdatert: 31. mars 2015