gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Tiltak for betre vasskvalitet i Strynevassdraget

I 2013 har Stryn kommune avslutta to tiltak for betre vasskvalitet i Nordfjord vassområde.

Tiltak nr 21 Ny kloakkledning Stryn sentrum - Rise bru 
Tiltak nr 22. Etablere mindre, høggradige reinseanlegg på strekninga Rise bru – Storesunde.
Kloakken frå Rise bru vert no pumpa inn i kloakksystemet for Stryn sentrum, med utslepp i fjorden i Grønevik. Kloakksystemet frå Rise bru vart utført samstundes med vegvesenet sitt arbeid med ny Rv 15  inn mot Stryn sentrum frå aust, og ligg i traseen for gang- og sykkelvegen.
Storesunde, Stryn. Høggradig renseanlegg for kommunal kloakk.Storesunde, Stryn. Høggradig renseanlegg for kommunal kloakk. Fotograf: Staffan Hjohlman
Publisert: 20. august 2013 Sist oppdatert: 08. april 2015