gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Usemje om påverknad frå rømt oppdrettsfisk

Fiskeridirektoratet er usamd med Fylkesmannen i Sogn og Fjordane om påverknad som rømt oppdrettsfisk øver på villfisk. Dette går fram av innspel frå Fiskeridirektoratet til Vassområde Nordfjord.

Fylkesmannen meiner rømt fisk i stor grad påverkar fleire elvar i vassområde Nordfjord. Bakgrunnen for dette er opplysningar i "Villaksportalen" til Direktoratet for Naturforvaltning. Fiskeridirektoratet meiner desse opplysningane ikkje er baserte på etterprøvbare vitskapelege undersøkingar.

Fiskeridirektoratet viser til retningslinjer og tiltak i høve miljøpåverknad frå oppdrett.

Les heile innspelet frå Fiskeridirektoratet til dokumentet Vesentlege spørsmål om vassforvaltning i Nordfjord:

Innspel frå Fiskeridirektoratet 18.12.2012

Publisert: 04. januar 2013 Sist oppdatert: 31. mars 2015