gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Folkemøte om Tiltaksanalyse for Vassområde Nordfjord

Opne folkemøte – alle interesserte er velkomne!

09.12. kl 20.00 – Nordfjordeid, kommunehuset

10.12. kl 20.00 – Skei, biblioteket

12.12. kl 19.00 – Selje, kommunehuset 

På folkemøta vil vi orientere om problem som må løysast i elvar, innsjøar, kyst og grunnvatn. Tiltak frå kommunar og sektorstyresmakter blir presentert. Det blir tid for spørsmål, diskusjon og nye innspel frå dei frammøtte. Kom og lær noko nytt og ta del i diskusjonen over ein kopp kaffi og noko å bite i!

Utkast til lokal tiltaksanalyse for vassområde Nordfjord vert no lagt ut på høyring, med høyringsfrist 10. januar 2014. Alle har høve til å kome med innspel.

Les meir om høyringa….!

Publisert: 03. desember 2013 Sist oppdatert: 30. mars 2015