gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Rapportar - overvaking i Nordfjord vassområde

I 2013 kjøpte Nordfjord vassområdeutval overvaking i elvar, innsjøar og sjømoråde. Undersøkingane vart utført der vi hadde mangelfulle kunnskapar om den økologiske tilstanden, samtidig som det var mistanke om ureining. Nedanfor kan du laste ned 3 av 4 rapportar frå dette arbeidet.

Vassanalysar i Nordfjord 2013
Rapporten tar for seg resultat frå vassprøveanalysar i 23 elvar og innsjøar (næringsstoff, bakteriar m.m.). Resultata viste at 6 hadde moderat tilstand, og difor ikkje oppfylte miljømåla etter vassforskrifta. Resterande 17 oppfylte miljømåla om god tilstand. Slike kjemisk/fysiske analysar er forholdsvis rimelege men gir mindre pålitelege resultat enn undersøking av plantar og dyr.

Begroing Nordfjord 2013      Vedlegg
Rapporten tek føre seg undersøking av fastveksande algar i 19 elvar. Tilstanden var dårleg på ein og moderat på 6 av elvane, som såleis ikkje nådde miljømåla. Resterande 13 oppnådde miljømåla med god elle svært god tilstand. Dette er biologiske parametere, som seier noko om korleis tilstanden har vore over tid, og er meir påliteleg enn kjemisk/fysiske alysar.

Marinbiologisk problemkartlegging i vassområde Nordfjord 2013
Rapporten handlar om undersøking av sjøbotn og strandsone i 4 område.
I Gloppefjorden synte botndyra gode tilhøve, medan makroalgar i strandsonen synte moderat tilstand grunna mykje grønnalgar.
I Eidsfjorden var tilstanden god i følgje botndyrundersøkinga, men det var ein del miljøgift (TBT) like utanfor småbåthamna. Også her synte makroalgene i strandsona moderat tilstand.
I Ulvesundet ved Måløy, synte botndyra på moderat tilstand, og her var det unormalt høge nivå av fleire miljøgifter. I strandsona derimot var tilstanden god.
I Selje var botntilhøva gode i vika Romet like nord for Selje sentrum, og svært gode i strandsona. Derimot i ei djuphole i Hovsundet, synte botndyra på dårleg tilstand og der var unormalt høge nivå av miljøgiften TBT.

I tillegg kjem det ein fjerde rapport, frå marinbiologiske undersøkingar i Nordgulen ved Svelgen, der strandsone og botn vart undersøkt.

Publisert: 14. august 2014 Sist oppdatert: 03. mars 2015