gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Tiltaksanalyse for Vassområde Nordfjord - lokal høyring frist 10.01.2014

Ver med å påverke korleis vi skal ta vare på vassdrag, kystvatn og grunnvatn i Nordfjord! Vatn er til for alle, og alle har rett til å seie kva dei meiner om tilstanden i vatna og kva som bør gjerast for å få reinare vatn.

Utkast til lokal tiltaksanalyse for vassområde Nordfjord vert no lagt ut på høyring, med høyringsfrist 10. januar 2014. Alle har høve til å kome med innspel og spørsmål til adressen nedanfor.

Tiltaksanalysen laster du ned her: Tiltaksanalyse for Vassområde Nordfjord
Tiltaksanalysen er eit innspel til den regionale forvaltningsplanen for vassregion Sogn og Fjordane. Denne skal ut på høyring 1. juli 2014. Forvaltningsplanen vil gjelde for perioden 2016-2021.

Tiltaksanalysen vil bli oppdatert under vegs i høyringsperioden, slik at det er lurt å laste ned siste versjon like før ein skal lese han.

Høyringsuttale/innspel vert å sende til:
prosjektleiar Staffan Hjohlman
staffan.hjohlman@gloppen.kommune.no  
Gloppen kommune, Grandavegen 9, 6823 SANDANE
Tlf 90 40 26 61

Publisert: 03. desember 2013 Sist oppdatert: 30. mars 2015