gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Tiltaksanalyse godkjend, oppgåver framover

Tiltaksanalyse for Vassområde Nordfjord vart godkjent av vassområdeutvalet  i møte 22.01.2014. 

Tiltaksanalysen har framleis manglar, mellom anna innspel frå NVE om regulerte vassdrag, flomverk og forbyggingar. Analysen vart difor godkjent "slik han ligg føre". Eventuelle tillegg vil bli sendt utvalet for godkjenning innanfor ei gitt tidsfrist.

Tiltaksanalyse for Vassområde Nordfjord

Oppgåver framover er mellom anna:
  • oppfølging av miljøovervaking i sjø
  • innkjøp av konsulenttenestar for kartlegging av påverknad frå landbruk og avløp frå spreidde bustadar
  • samarbeid mellom kommunane om handtering av mindre, privateigde avløpsanlegg

 

Publisert: 27. januar 2014 Sist oppdatert: 18. mars 2015