gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Bekkevandring i Breim

Bekkevandring i samband med oppfølging av vassforskrifta i høve jordbruk og avløp.

Onsdag 22. juni kl 9 – 16

Referat finn du her!

Oppmøte: Breimshallen på Reed

Alle interesserte er velkomne

Målet med Bekkevandringa er kunnskap og innspel om:

  • Vasskvalitet (farge, lukt m.m.)
  • økologisk tilstand (algar og bakteriar, vassplanter, fisk, kantvegetasjon)
  • menneskeskapt påverknad (jordbruk, avløp m.m.)
  • endringar som er observert over tid
  • innspel på tiltak som kan betre tilstanden

Desse elvane oppnår ikkje miljømålet om god økologisk tilstand etter vassforskrifta / vassdirektivet på grunn av ureining frå jordbruk og avløp. Gloppen kommune er styresmakt for denne typen ureining og er difor forplikta å iverksette / pålegge tiltak som betrar tilstanden. Tiltak kan vere mellom anna kantvegetasjon til elvar, endra gjødselspreiingsregime, plassering av rundballar, oppgradering av private avløpsanlegg og kommunale avløpstiltak. Bekkevandringa er ein lekk i arbeidet med å velje tiltak.

Kommunen og Fylkesmannen vil delta på bekkevandringane, og i tillegg blir grunneigarane/elveeigarane, interessenter, lag og organisasjonar inviterte.

Rettleiande tidsplan:

09:00 Oppmøte Breimshallen
09:10 Refjøra - Stensakerelva
09:40 600 m opp langs Skrøppavegen
10:00 Kvernhuselva. Parkering sør Rådabrua
10:30 Bedehus Flølo
11:00 Tidlegare kompostanlegg Fløtre
11:30 Fløtrelva (liten silo ved E39)
12:00 Lunsjpause Bakar John
12:30 Best Byrkjelo, Mylkesbustdalselva
13:00 Avkøyrselen til Byrkjelo renseanlegg
13:30 Gåsemyr, v sørenden av Bergheimsvatnet
14:00 Kappestad i Myklebustdalen v sørenden av Sandalsvatnet
15:00 Høylo fellesfjøs, på sørsida av Storelva
15:20 Bø fellesfjøs
15:40 Råd v/ huset til Kjell og Karoline Råd

Påmelding og spørsmål:
Tlf 90402661
staffan.hjohlman@sfj.no

Publisert: 14. juni 2016 Sist oppdatert: 14. juni 2016