gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Rapport om tilstand i innsjøar 2018

Vassområda i Sogn og Fjordane leide Faun naturforvaltning AS til å undersøke planteplankton i 20 innsjøar i 2018. Seks av innsjøane var i Nordfjord vassområde.

Resultata tilsvarer god til svært god økologisk tilstand i alle dei 6 undersøkte innsjøane i Nordfjord. Det var gjennomgåande lite planteplankton i innsjøane. Grunnen til dette kan ha vore unormalt liten nedbør sommaren 2018 og dermed også liten avrenning frå landbruksareal m.m. Resultat kan difor ha vore betre enn normalt.

I Nordfjord vart følgjande innsjøar undersøkte: Kjøsapollen i Hornindal kommune; Bergheimsvatnet i Gloppen kommune; Fuglevatnet, Skredvatnet, Juvikvatnet og Bolsetvatnet i Jølster kommune.

Undersøkinga vart finansiert av kommunane, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Miljøovervåking innsjøer SF 2018, rapport.pdf

Vedlegg, artslister planteplankton, SF 2018.pdf

Publisert: 19. juni 2019 Sist oppdatert: 19. juni 2019