gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Oppstart hydromorfologiske undersøkingar

Biologar frå NORCE (tidlegare Uni Research Miljø) går i desse dagar i gang med hydromorfoligiske undersøkingar i fleire elver i Sogn og Fjordane.

Storelva i Innvik, Stryn kommune (Foto: Staffan Hjohlman).

Sogn og Fjordane fylkeskommune og fleire av kommunane i fylket har gjennom eit samarbeid i vassområda hyra inn biologane. Undersøkingane har som mål å vurdere miljøpåverknaden av forbyggingar og utrettingar i dei utvalde elvene. Undersøkingane vil særleg handle om korleis laks
og aure blir påverka, og kva grep som kan gjerast for å styrke fiskebestandane i elvene.

I felt skal biologane m.a. gjennomføre habitatkartlegging, som går ut på å registrere botnsubstrat, skjulforhold, gyteområde, elvemorfologi, vandringshindre, kantvegetasjon m.m. I tillegg skal det utførast elfiske og gytefisktelling i enkelte av elvene. Undersøkingane vil bli utført i løp av oktober 2018, dersom vassføringa tillèt det.

I Sunnfjord vassområde er det elvene Rivedalselva og Bakkelva i Askvoll kommune, Guddalselv midtre og Storelva ved Dale i Fjaler kommune, Njøsenelva i Gaular kommune, og Ålhuselva, Hegreneselva og Myklebustelva i Jølster kommune, som skal undersøkast. Ei fullstendig oversikt over alle elvene som inngår i prosjektet ligg som vedlegg nedst på sida.

 

Publisert: 12. oktober 2018 Sist oppdatert: 12. oktober 2018