gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Sjekker innsjøar for ureining

Vassområda i Sogn og Fjorane (Indre Sogn, Ytre Sogn, Sunnfjord og Nordfjord) har leigd biologar til å undersøke planktonalgar i 20 innsjøar for å finne ut om dei er ureina av landbruksavrenning og kloakkavløp.

Bildet: Helge Kiland (t.v.) og Trond Stabell, Faun Naturforvaltning AS. (Foto: S. Hjohlman)

Biologane er leigde inn frå Faun Naturforvaltning AS. Dei nyttar gummibåt og tar prøvene ved overflata over det djupaste punktet i kvar innsjø. Planktonalgar er mikroskopiske eincella algar som svever i vassmassene. Etter innsamling og konservering av prøvene blir algane undersøkte i mikroskop. Nokre artar treng reint og næringsfattig vatn, andre finn ein der det er unormalt mykje næring frå til dømes gjødsel eller kloakk. Artane ein finn gir såleis eit godt bilde av miljøtilstanden i vatnet. Det blir også tatt vassprøver til analyse for å få eit augneblinksbilde av mengde næringsstoff, organisk stoff, bakteriar m.m.

Første innsamlingsrunde føregår i denne veka (10. - 15. juni). Deretter kjem biologane igjen 5 gonger til og med oktober. Rapport er venta rundt nyttår.

Det nødvendig med ein slik god dokumentasjon på tilstanden i desse vatna, seier prosjektleiar for Sunnfjord vassområde, Staffan Hjohlman. Det vil hjelpe oss å fastsette om den økologiske tilstanden er i tråd med vassforskrifta og vassdirektivet. Dersom tilstanden er for dårleg, og dersom dette skuldast landbruksavrenning eller avløp, må kommunane iverksette tiltak, til dømes endringar i praksis for gjødselspreiing eller oppgradering av private og kommunale avløpsanlegg. Kommunane skal kome med forslag på tiltak før sommaren 2019.

Innsjø

Kommune

Movatnet

Førde

Digrenesvatnet

Førde

Bekkjavatnet

Førde

Litlevatnet

Flora

Storevatnet

Flora

Standalsvatnet

Flora

Liavatnet

Naustdal

Skilbreivatnet

Gaular

Espelandsvatnet

Gaular

Vatn   vest for Fuglevatnet

Jølster

Skredvatnet

Jølster

Fossheimsvatnet

Jølster

Bolsetvatnet

Jølster

Bergheimsvatnet

Gloppen

Kjøsapollen

Hornindal

Espelandsvatnet

Hyllestad

Langevatnet

Hyllestad   og Høyanger

Mølmesdalstjørna

Høyanger

Hafslovatnet

Luster

Torolmen

Årdal

Publisert: 13. juni 2018 Sist oppdatert: 13. juni 2018