gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Rapport om tilstand i innsjøar 2018

Vassområda i Sogn og Fjordane leide Faun naturforvaltning AS til å undersøke planteplankton i 20 innsjøar i 2018. Ni av innsjøane var i Sunnfjord vassområde.

Resultata tilsvarer moderat økologisk tilstand i ein vassførekomst, og god til svært god økologisk tilstand 8 innsjøane i Sunnfjord. Det var gjennomgåande lite planteplankton i innsjøane. Grunnen til dette kan ha vore unormalt liten nedbør sommaren 2018 og dermed også liten avrenning frå landbruksareal m.m. For ein del av innsjøane i Sunnfjord vassområde kan ein frykte dårlegare tilstand i eit år med meir normale temperatur- og nedbørsforhold, står det i rapporten.

I Sunnfjord vart følgjande innsjøar undersøkte: Storevatnet, Litlevatnet og Standalsvatnet i Flora kommune; Liavatnet i Naustdal kommune; Skilbreivatnet og Espelandsvatnet i Gaular kommune; Digrenesvatnet, Bekkjavatnet og Movatnet i Førde kommune.

Undersøkinga vart finansiert av kommunane, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Miljøovervåking innsjøer SF 2018, rapport.pdf

Vedlegg, artslister planteplankton, SF 2018.pdf

Publisert: 19. juni 2019 Sist oppdatert: 19. juni 2019