Forskarar har sett nærare på dei høge kvikksølvnivåa målt i Sognefjorden, og funne fram til ein interessant forklaringsmodell. Stikkord er langtransportert ureining og fjordens form og vassutveksling.
Onsdag 6. mars blir det møte i Ytre Sogn vassområdeutval. På sakslista står årsmelding og rekneskap for 2018, og aktivitetsplan og budsjett for 2019. Det arbeidast med å få til eit foredrag der nokre av resultata frå fjorårets miljøundersøkingar blir presentert.
Ytre Sogn vassområde er i gang med eit prosjekt som skal kartleggje fiskevandringshinder ved kommunale vegar. Prosjektet er eit samarbeid med dei tre andre vassområda i Sogn og Fjordane vassregion. Ei forundersøking blei satt i gang i 2018, og det er venta at feltundersøkingar m.m. startar opp i 2019.