gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Oppstartsmøte i Ytre Sogn vassområde 11. februar 2011

Oppstartsmøte i Ytre Sogn vassområde vert halde 11. februar i Høyanger rådhus kl. 10.00. På møtet vil det bli valt ein vertskommune for Ytre Sogn vassområde og ein representant til arbeidsutvalet til vassregionutvalet.

Høyanger kommune har ansvar for innkalling til møtet. Kontaktperson er Synne Vefring.

Ytre Sogn vassområde omfattar kommunane Vik, Balestrand, Høyanger, Hyllestad, Solund og Gulen. Mindre areal i kommunane Gaular, Fjaler, Austrheim, Lindås, Masfjorden, Modalen og Voss inngår og i vassområdet.

Det er førebels ikkje oppretta ein prosjektleiarstilling for vassområdet. Hendvendingar om arbeidet i vassområdet kan rettast til sekretariatet for vassregionmyndigheita (Sogn og Fjordane fylkeskommune).

Relaterte dokument
Innkalling til møte i Ytre Sogn vassområde110211

Publisert: 31. mars 2015 Sist oppdatert: 31. mars 2015