gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Møte i Ytre Sogn vassområdeutval 12. desember 2018

Det andre og siste møtet i vassområdeutvalet i år blir halde i Lavik 12. desember. Hovudtema er revideringa av Regional plan for vassforvaltning, med m.a. handsaming av dokumentet Hovudutfordringar i vassområde Ytre Sogn.

Førebels saksliste:

  • Revideringa av regional plan for vassforvaltning 2022-2027 (jamfør brev frå Sogn og Fjordane fylkeskommune til Sogn og Fjordane vassregionutval 25.10.2018, kopi vedlagt)
    • Dokumentet Hovudutfordringar i Ytre Sogn vassområde (innspel/godkjenning)
    • Planprogram til Regional plan for vassforvaltning  (innspel)
      • samansetjing av vassområdeutvalet og vassregionutvalet
      • medverknad
      • konsekvensar av kommunesamanslåingar
    • Kommunane si rolle, fristar 2019 og 2020, innspel til nytt tiltaksprogram (orientering)
    • Samanslåing av vassregionane Hordaland og Sogn og Fjordane (orientering)
  • Status for endringane i vassforskrifta som vart varsla i fjor (orientering)
  • Status for miljøundersøkingar 2018: vassprøver, konsulentoppdrag (orientering)
  • Prosjekt om vandringshinder ved kommunale vegar (orientering)
Publisert: 19. november 2018 Sist oppdatert: 19. november 2018