Filtrér i innhold
{{year.name}}
{{cat.name}}
Endeleg er rapporten her som skisserer ei rekkje tiltak som elveeigarar kan vurdere å gjennomføre. Det finst tilskotsordningar for slike tiltak.
Arbeidet med å revidere vassforvaltningsplanen er godt i gang. For tida arbeidast det spesielt med å få inn innspel til tiltak til tiltaksprogrammet. I den samanheng kan det vere nyttig å sjå på kunnskapen som kom fram på seminaret om landbruk og avløp på Skei i 2017.
Det blir møte i Sogn og Fjordane vassregionutval i Sogndal den 17. oktober. Innkalling til alle medlemar blei sendt ut 17. september.
Miljødirektoratet har tildelt 250 000 kr til vandringshinderprosjekt. Prosjektet er eit samarbeid mellom Ytre Sogn vassområde og dei tre andre vassområda i Sogn og Fjordane vassregion.
Fleire av elvene og bekkene i vassområdet blir undersøkt med vassprøver i 2019. Det er kommunane i samarbeid med vassområdekoordinator som står for denne jobben.
Vassområda i Sogn og Fjordane leigde Faun naturforvaltning AS til å undersøke planteplankton i 20 innsjøar i 2018. Tre av innsjøane var i Ytre Sogn vassområde.
Ver med å påverke korleis elvar, innsjøar, kyst- og grunnvatn i Ytre Sogn blir tatt vare på!
På oppdrag frå vassområdeutvalet i Ytre Sogn med fleire, gjorde Faun Naturforvaltning i 2018, biologiske undersøkingar i 22 elver/bekker.
Klima- og miljødepartementet har no sendt ut nye, ambisiøse nasjonale føringar for arbeidet med å sikre godt vassmiljø i Noreg.
Ytre Sogn vassområdeutval har den siste tida hatt to møte. 12. desember var hovudtemaet revidering av den regionale planen for vassforvaltning, med m.a. gjennomgang av dokumentet Hovudutfordringar i Ytre Sogn vassområde. På møtet 6. mars blei årsmelding og rekneskap for 2018, og aktivitetsplan og budsjett for 2019 handsama. I tillegg blei det gjeve presentasjonar av resultata frå miljøundersøkingane i 2018.
Forskarar har sett nærare på dei høge kvikksølvnivåa målt i Sognefjorden, og funne fram til ein interessant forklaringsmodell. Stikkord er langtransportert ureining og fjordens form og vassutveksling.
Onsdag 6. mars blir det møte i Ytre Sogn vassområdeutval. På sakslista står årsmelding og rekneskap for 2018, og aktivitetsplan og budsjett for 2019. Det arbeidast med å få til eit foredrag der nokre av resultata frå fjorårets miljøundersøkingar blir presentert.
Ytre Sogn vassområde er i gang med eit prosjekt som skal kartleggje fiskevandringshinder ved kommunale vegar. Prosjektet er eit samarbeid med dei tre andre vassområda i Sogn og Fjordane vassregion. Ei forundersøking blei satt i gang i 2018, og det er venta at feltundersøkingar m.m. startar opp i 2019.
Ytre Sogn vassområde ønskjer å invitere til deltaking i ei referansegruppa som skal få orientering om arbeidet i vassområdet og få høve til å kome med tilbakemeldingar og innspel på arbeidet.
Vassområda Indre Sogn og Ytre Sogn har leigd inn Faun Naturforvaltning AS til å undersøke botndyr, påvekstalgar og heterotrof begroing i 21 elver og bekker, for å finne ut av grad av avløp- og landbruksureining.
Biologar frå NORCE (tidlegare Uni Research Miljø) går i desse dagar i gang med hydromorfoligiske undersøkingar i fleire elver i Sogn og Fjordane.
Det blir i år gjort ei rekke miljøundersøkingar i regi av vassområdet. Hovudføremålet med undersøkingane er å avklare økologisk tilstand i vassførekomstar oppført i regionalt tiltaksprogram, utgreiing av tiltak, og heving av kunnskapsnivået for vassførekomstar med liten oversikt over påverknad frå landbruk, avløp, forbyggingar og kanaliseringar.
Vassområda i Sogn og Fjorane (Indre Sogn, Ytre Sogn, Sunnfjord og Nordfjord) har leigd biologar til å undersøke planktonalgar i 20 innsjøar for å finne ut om dei er ureina av landbruksavrenning og kloakkavløp.
I mai månad gjekk dei fleste av kommunane i Ytre Sogn vassområde i gang med årets vassprøvetaking.
Måndag 26. febuar blir det møte i Ytre Sogn vassområdeutval. Møtestad blir Lavik Fjordhotell i Lavik. På sakslista står årsmelding og rekneskap for 2017, og aktivitetsplan og budsjett for 2018. I tillegg blir det orientering om rullering av regional plan for vassforvaltning, og oppdatering av kunnskapsgrunnlaget.
Ytre Sogn vassområdeutval har levert høyringssvar i samband med høyringa av forslag til endringar i vassforskrifta og naturmangfaldlova.
Vik kommune arrangerte eit seminar 22. mars om landbruk og vasskvalitet i elvane. Presentasjonar frå seminaret er no tilgjengelege.
Hamnar det kloakk og gjødsel i våre vassdrag og sjøområde? Korleis kan kommunane skaffe seg oversikt over tilstanden på private avløpsanlegg? Korleis kan kommunane legge til rette for god gjødslingspraksis på gardane? Korleis kan kommunane arbeide med planar, forskrifter og støtteordningar for å sikre eit godt vassmiljø?
Representantar frå administrasjonen i kommunane i vassområdet og prosjektleiar møtast på Lavik Fjord Hotel til det første møtet i prosjektgruppa i Ytre Sogn vassområde.
Sogn og Fjordane fylkeskommune, ved prosjektleiarane for vassområda, arrangerar seminar om praktisk oppfølging av vassforskrifta innan områda landbruk og spreidde avløp.
I juni og august skal den nye prosjektleiaren besøke alle kommuneadministrasjonane i Ytre Sogn vassområde. Målet er å gjere seg betre kjend med kommunane, oppdatere om status for godkjenning av regional plan for vassforvaltning m.m., og diskutere oppfølging av nemnde plan inklusive tilhøyrande tiltaksprogram.
Tema for møte er vidareføring av prosjektleiarstillinga for Ytre Sogn vassområde og revidert prosjektplan for vassområdet.Etter møtet i vassområdeutvalet er det arrangert lokalt høyringsmøte om høyring av regional plan for vassforvaltning for Sogn og Fjordane 2016-2021
På denne sida vert alle innspel kome inn til vassområde lagt ut. Innspel frå nasjonale og regionale mynder som er kome direkte til Vassregionmynda ligg her
Opne folkemøte - alle interesserte er velkomne.
Tysdag 18. februar kl. 19.00 på Leirvik Kro i Leirvik.
Tysdag 25. februar kl. 19.00 på Øren Hotel i Høyanger
Sogn og Fjordane Energi Produksjon AS har fått løyve til å bygge Østerbø kraftverk og Randalen småkraftverk i Høyanger.
Vassområde Ytre Sogn har motteke 3 høyringsuttalar til dokumentet Vesentlege vassforvaltningsspørsmål for Vassområde Ytre Sogn innan høyringsfristen gjekk ut 31. desember 2012.
Høyanger kommune ønskjer innspel til kva som er viktige utfordringar i vassområdet.
Vassområdautvala er viktige i arbeidet med å få til ein heilskapleg vassforvaltning. Mange viktige oppgåver ventar dei i år. Tidsfristar og ein møteplan fram til 1.7.12 er lagt for å holde fristane i vassforskrifta. Kva for oppgåver som ventar følgjer av oversikta under.
Marte Conradi er tilsett som prosjektleiar for vassområde Ytre Sogn. Ho tek til i stillinga i byrjinga av januar 2012 og får kontorplass i Høyanger.
I samband med oppfølging av ny vassføreskrift skal det i vassområdet tilsettast prosjektleiar i 50% stilling. Stillinga skal kombinerast med 50% stilling som miljøvernleiar i Høyanger kommune. Kontorstad er Høyanger.
Vertskommunen har ansvar for å koordinere arbeid og aktivitet i vassområdet. Det vil bli utarbeida ein prosjektplan for vassområdet. Ein ev. prosjektleiar for Ytre Sogn vassområde vil bli tilsett i vertskommunen.