gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Innspel til vesentlege utfordringar i Ytre Sogn

Høyanger kommune ønskjer innspel til kva som er viktige utfordringar i vassområdet.

Ytre Sogn vasområde skal sende inn innspel til vassregion Sogn og Fjordane om kva som påverkar fauna og vasskvaliteten i innsjøar, elvar, bekkar, grunnvatn og kystvatn i Ytre Sogn. Dette kan til dømes vere vandringshinder for fisk, forureining frå avløp eller landbruk, forsøpling, framande arter eller anna.

Høyanger kommune ber no om innspel frå organisasjonar eller privatpersonar. Innspel sendast til kommunen v/ Marte Conradi innan 01.03.2012. Innspel kan sendast per post:
Ytre Sogn vassområde
v/Høyanger kommune,
Postboks 159,
6991 Høyanger

eller pr e-post: postmottak@hoyanger.kommune.no.

Arbeidet er ein del av kravet om å oppfylle vassforskrifta (EUs rammedirektiv for vatn).

Innspel som kjem inn vil bli samla inn av vassområde Yre Sogn og sendt til vassregion Sogn og Fjordane.

Vassregion Sogn og Fjordane vil sende dokumentet Vesentlege vassforvaltningsspørsmål på offentleg høyring 1. juli 2012, slik at det vil bli moglegheit til å komme med merknadar til arbeidet også då.

Publisert: 14. februar 2012 Sist oppdatert: 30. april 2015