gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Kartlegging av fiskevandringshinder ved kommunale vegar

Ytre Sogn vassområde er i gang med eit prosjekt som skal kartleggje fiskevandringshinder ved kommunale vegar. Prosjektet er eit samarbeid med dei tre andre vassområda i Sogn og Fjordane vassregion. Ei forundersøking blei satt i gang i 2018, og det er venta at feltundersøkingar m.m. startar opp i 2019.

 

Døme på eit vassføringsavhengig vandringshinder (Foto: Staffan Hjohlman).

Som grunnlag for arbeidet med vassforvaltningsplan og tiltaksprogram stiller vassforskrifta krav om at tilstanden i vassførekomstane skal kartleggast, overvakast og vurderast. Gjennom dette prosjektet følgjer kommunane opp sitt ansvar som vegstyresmakt for kommunale vegar.

Føremåla med prosjektet er å

  • kartleggje kommunale vegkryssingar av vassførekomstar
  • vurdere betydninga av vegkryssingane som vandringshinder
  • foreslå tiltak

Vi ønskjer å få til god medverknad frå lag, organisasjonar og personar. Og håpar på den måten å ta i bruk god lokalkunnskap om fisk og vandringshinder.

Meir informasjon kjem. I mellomtida kan ein melde si interesse for å delta ved å ta kontakt med vassområdekoordinator for Ytre Sogn og Indre Sogn (Christian E. Pettersen, christian.pettersen@sfj.no, 47639165).

Publisert: 11. desember 2018 Sist oppdatert: 11. desember 2018