gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Sjekker innsjøar for ureining

Vassområda i Sogn og Fjorane (Indre Sogn, Ytre Sogn, Sunnfjord og Nordfjord) har leigd biologar til å undersøke planktonalgar i 20 innsjøar for å finne ut om dei er ureina av landbruksavrenning og kloakkavløp.

Bilete: Helge Kiland og Trond Stabell frå Faun Naturforvaltning AS (Foto: Staffan Hjohlman).

Biologane er leigde inn frå Faun Naturforvaltning AS. Dei nyttar gummibåt og tar prøvene ved overflata over det djupaste punktet i kvar innsjø. Planktonalgar er mikroskopiske eincella algar som svever i vassmassene. Etter innsamling og konservering av prøvene blir algane undersøkte i mikroskop. Nokre artar treng reint og næringsfattig vatn, andre finn ein der det er unormalt mykje næring frå til dømes gjødsel eller kloakk. Artane ein finn gir såleis eit godt bilde av miljøtilstanden i vatnet. Det blir også tatt vassprøver til analyse for å få eit augneblinksbilde av mengde næringsstoff, organisk stoff, bakteriar m.m.

I Ytre Sogn vassområde er det innsjøane Espelandsvatnet, Langevatnet og Mølmesdalstjørna som skal undersøkast. Første innsamlingsrunde var i perioden 10. - 15. juni. Deretter kjem biologane igjen 5 gonger til og med oktober. Rapport er venta rundt nyttår.

Denne undersøkelsen vil hjelpe oss å fastsette om den økologiske tilstanden er i tråd med vassforskrifta og vassdirektivet. Dersom tilstanden er for dårleg, og dersom dette skuldast landbruksavrenning eller avløp, må kommunane iverksette tiltak, til dømes endringar i praksis for gjødselspreiing eller oppgradering av private og kommunale avløpsanlegg. Kommunane skal kome med forslag på tiltak før sommaren 2019.

Publisert: 13. juni 2018 Sist oppdatert: 14. september 2018