gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Skiping av referansegruppe for Ytre Sogn vassområde

Ytre Sogn vassområde ønskjer å invitere til deltaking i ei referansegruppa som skal få orientering om arbeidet i vassområdet og få høve til å kome med tilbakemeldingar og innspel på arbeidet.

Referansegruppa er tenkt samansett av frivillige organisasjonar, interessentar, private verksemder og enkeltpersonar i vassområdet. Føremålet er å få til ein heilskapleg og godt forankra vassforvaltning der det blir lagt til rette for deltaking og samarbeid mellom brukarar, påverkarar og dei som blir påverka av vatnet.

Referansegruppa startar opp etter nyttår. Det vil bli sendt ut brev med informasjon om gruppa og med invitasjon til å delta. Brevet blir sendt ut til ei liste over aktuelle medlemar spelt inn av kommunane i vassområdet. Eventuelt kan ein melde seg inn i gruppa ved å sende e-post til christian.pettersen@sfj.no.

Referansegruppa skal organiserast på følgjande måte:

  • Medlemane i referansegruppa skal gjennom deltaking på ei e-postliste få informasjon om det som skjer i vassområdet og nyhende på heimesida
  • I tillegg blir medlemane i referansegruppa invitert med på relevante temamøte og synfaringar når det er aktuelt
  • Om det er tilstrekkeleg interesse for det, kan det også arrangerast eitt årleg møte for heile referansegruppa der meir generelle saker blir tatt opp
Publisert: 28. november 2018 Sist oppdatert: 28. november 2018