gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Bli med på høyringskonferanse om vassmiljø 23. mai

Ver med å påverke korleis elvar, innsjøar, kyst- og grunnvatn i Ytre Sogn blir tatt vare på!

Frå Solund (foto: Christian E. Pettersen).

På høyringskonferansen kan du lære om korleis det står til med vassmiljøet i Sogn og Fjordane, kva for problem som forvaltninga er opptatt av og korleis vi planlegg å arbeide vidare med dette. Du kan også lære om korleis du kjem med innspel om problem det bør gripast fatt i, som til dømes om du har observert ureining, vandringshinder for fisk, andre uheldige effektar av utbygging, fiskeoppdrett, eller andre menneskeskapte problem.

Høyringskonferansen finn stad torsdag 23. mai 2019 på Scandic Sunnfjord Hotell i Førde. Konferansen er open for alle som ønskjer å vere med.

Påmelding og program: vannportalen.no - høyringskonferanse.

Nærare informasjon i vedlagte brev og her: vannportalen.no – høyringsdokument.

Publisert: 16. mai 2019 Sist oppdatert: 16. mai 2019