gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Meir kunnskap om miljøtilstanden i vassdraga våre i ny rapport

På oppdrag frå vassområdeutvalet i Ytre Sogn med fleire, gjorde Faun Naturforvaltning i 2018, biologiske undersøkingar i 22 elver/bekker.

Prøvetaking av botndyr (foto: Christian E. Pettersen)

Elvene/bekkene som blei undersøkt i Ytre Sogn vassområde var Midttunelva, Moldeelva, Nordgulelva, Storelva (Indre Oppedal), bekk frå Myrkebotnen (Sandøyna), elv inst i Eidsfjorden, Hovlandselva, Bjordalselva, Seljedalselvi, Kvamselvi, Hopperstadgrovi og Hønsigrovi.

Undersøkinga tok føre seg begroingsalgar og botndyr og så spesielt på korleis eutrofiering og forsuring har påverka miljøtilstanden i elvene/bekkene. Resultata viser at 5 av 12 undersøkte lokalitetar i Ytre Sogn vassområde har «god» økologisk tilstand. 7 av stasjonane har «moderat» økologisk tilstand. Resultata viser vidare at der tilstanden er «moderat» er det i hovudsak eutrofiering som er forklaringa på problema. Kjeldene til eutrofieringa kan vere kloakk, jordbruk og/eller industri.

Les meir om resultata i rapporten. Last ned rapporten ved å klikke på lenka under.

Publisert: 10. mai 2019 Sist oppdatert: 10. mai 2019