gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Nye nasjonale føringar for vassforvaltninga

Klima- og miljødepartementet har no sendt ut nye, ambisiøse nasjonale føringar for arbeidet med å sikre godt vassmiljø i Noreg.

For kommunane inneber dei nye føringane mellom anna at:

  • Alle avløpsanlegga i den enkelte kommune skal oppfylle forureingsforskrifta sine rensekrav slik at vi kan nå miljømåla innan 2027, og seinast innan 2033.
  • Regjeringa vil innføre meir forpliktande krav for forureining frå jordbruket. Krava skal sikre god tilstand i alle vassførekomstar som blir påverka av aktivitetar frå jordbruket. Fylkesmenn og kommunar skal stille krav om miljøtiltak der det er naudsynt for å nå miljømåla etter vassforskrifta innan 2027, og seinast innan 2033. Det skal utformast ein ny heimel for tilgangen fylkesmannen har til å stille miljøkrav i særskilt utsette område.
  • Tiltak for å verne drikkevasskjelder skal avklarast gjennom dei regionale vassforvaltningsplanane, og blir ivaretekne i arealdelen til kommuneplanen, gjennom omsynssoner og tilhøyrande planavgjerder.

Meir informasjon om dei nasjonale føringane er tilgjengeleg her: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/vassforvaltning/id2633068/

Publisert: 25. april 2019 Sist oppdatert: 25. april 2019