gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Rapport om tilstand i innsjøar 2018

Vassområda i Sogn og Fjordane leigde Faun naturforvaltning AS til å undersøke planteplankton i 20 innsjøar i 2018. Tre av innsjøane var i Ytre Sogn vassområde.

Resultata tilsvarer god til svært god økologisk tilstand i dei tre undersøkte innsjøane i Ytre Sogn. Det var gjennomgåande lite planteplankton i innsjøane. Grunnen til dette kan ha vore unormalt liten nedbør sommaren 2018 og dermed også liten avrenning frå landbruksareal m.m. Resultata kan difor ha vore betre enn normalt.

I Ytre Sogn var det innsjøane Espelandsvatnet (Hyllestad kommune), Langevatnet (Høyanger og Hyllestad kommunar) og Mølmesdalstjørna (Høyanger kommune) som blei undersøkt.

Undersøkinga vart finansiert av kommunane, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Miljøovervåking innsjøer SF 2018, rapport.pdf

Vedlegg, artslister planteplankton, SF 2018.pdf

Publisert: 19. juni 2019 Sist oppdatert: 19. juni 2019