gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Om vassområdet

Ytre Sogn vassområdeutval er eit samarbeidsorgan for kommunar, statlege styresmakter og fylkeskommunen, for å ivareta oppgåver etter vassforskrifta i vassområdet. Det overordna målet er å sikre god økologisk tilstand/potensial og god kjemisk tilstand i alle elvar, innsjøar, kystvatn og grunnvatn.

Felles vassforvaltningssamling for vassområdekoordinatorane, fylkeskommunane og fylkesmannembeta frå Hordaland og Sogn og Fjordane (foto: Christian E. Pettersen).

Vassområdet er samansett av hovudkommunane Gulen, Hyllestad, Høyanger, Solund og Vik. Kommunane Fjaler, Gaular, Førde, Leikanger, Sogndal, Aurland, Austrheim, Lindås, Masfjorden, Modalen og Voss har mindre areal i vassområdet. Desse kommunane har imidlertid den største delen av sine respektive areal i tilgrensande vassområde, og deltek berre i arbeidet i Ytre Sogn vassområde ved spesielle høve.

Prosjektplanen for 2016-2021 omtalar bakgrunn, mål, organisering, oppgåver, framdrift og økonomi for vassområdet. Kommunane er areal- og planstyresmakt og har sektormynde på område som landbruk, miljø, vatn og avløp, ureining etc. Kommunane har eigne verkemidlar og/eller har delegert myndigheit frå staten. Kommunane har difor ei særrolle i vassområdeutvalet, og mykje av arbeidet i vassområdet blir gjort for å bistå kommunane. Alle dei seks kommunane som har størsteparten av arealet sitt innanfor Ytre Sogn vassområde, har slutta seg til prosjektplanen ved politiske vedtak.

Drifta av vassområdet er finansiert gjennom eit spleiselag mellom kommunane som har slutta seg til prosjektplanen (50 %) og fylkeskommunen (50 %), som skildra i prosjektplanen. Vassområdekoordinator for vassområdet er tilsett av Sogn og Fjordane fylkeskommune, og har sin daglege arbeidsplass på Fylkeshuset på Hermansverk i Leikanger kommune.

Publisert: 23. oktober 2018 Sist oppdatert: 14. november 2018