gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Vassområde Aust-Telemark

Aust-Telemark vassområde omfattar nedbørfeltet til øvre del av Telemarksvassdraget, og strekkjer seg frå uberørte fjellvidder på Hardangervidda i vest, via reguleringsmagasin og fleire kraftverk, til utløpet av Tinnsjå i aust. Delar av nedbørfeltet går inn i Hordaland og Buskerud

Vestre del av Kalhovdmagasinet. Fotograf: Liv Rigmor Flå

 

Vassområdet er på ca 3758 km² og har ein høgdegradient mellom ca 187 -1450 meter, d.v.s. over marin grense. Området ligg i den sørnorske grunnfjellformasjonen og består hovudsakeleg av granitt, gneis og kvartsitt. Lausavsetningane i nedslagsfeltet er tynne botnmorener. Dette medfører at vatnet er naturleg ionefattig med låg bufferkapasitet.

Tinnsjå med tillaupselver

Tinnsjå som er den siste innsjøen i vassområde før vatnet renn inn i Midtre Telemark vassområde, er den tredje djupaste innsjøen i Europa, med største kjente djup på 460 m og middeldjup på 190 m. Dei fire store tillaupselvene i nordenden av Tinnsjå; Måna, Gøyst, Mår og Austbygdåe har alle utspring på Hardangervidda. Austbygdåe er varig verna mot kraftutbygging, medan vatnet frå dei andre elvene går i tunnel til kraftverka på Rjukan og i Vestfjorddalen. Andre store tillaupselver til Tinnsjå er Skirva/ Skjerva og Raua som renn inn frå aust, og Digeråe som kjem inn på vestsida av sjøen. Desse tre elvene er verna mot vassdragsutbyggjing

Påverknader

Dei mange reguleringsmagasina i vassområdet med til dels store reguleringshøgder og elver med liten restvassføring, har store negative konsekvensar for biologisk mangfald, landskap og rekreasjon og er den største påverknadsfaktoren på vassmiljøet.

Det er noko forureining frå kommunale avløpsnett og renseanlegg, særleg på grunn av overløp i periodar med mykje regn og smeltevatn, men også på grunn av lekkasjar frå utette avløpsrør. Det er generelt liten påverknad frå avrenning til vassdrag frå infrastruktur, landbruksdrift, hytter og spreidd busetnad.

Fortsatt er ein del vatn og vassdrag påverka av sur nedbør, men mange ligg i område som i dei seinare år generelt har fått akseptable verdiar for pH og bufferevne. Ørekyt representerer truleg ein liten påverknad i vatn/vassdrag der arten er innført, men det er av stor betydning at arten ikkje blir spreidd vidare til nye vatn.

Fiskeartar

Aure er den dominerande fiskearten i vassområdet og finnst i dei fleste vatn. Mange vatn på Hardangervidda er gode aurevatn. I Møsvatn og Tinnsjå er det også bestandar av storaure. I Tinnsjå blir storauren karakterisert som trua på grunn av dårlege gytetilhøve i Måna, Gjøyst og Mår etter vassdagsreguleringane.

Det er røye både i Møsvatn og Tinnsjå.  Tinnsjå har også ei djupvassrøye som blir kalla gautefisk. I eldre litteratur blir røyefisket i Tinnsjå omtala som svært godt, medan mange fiskarar på 1990-talet meinte at røyebestanden hadde minka og hadde dårleg tilveksst. Fangstregistreringar på 2000-talet viste derimot at røyebestanden var i betring.  I Møsvatn har røyebestanden vore i sterk nedgang i seinare tid, truleg grunna endra tappemønster frå magasinet og tørrlegging av røyeegg. Tinnsjå-røye vart utsett i fleire fjellvatn i 1920-åra, noko som gav overbefolka bestandar i mange vatn.

Abbor finnst naturleg i nokre vatn i Hovin, m.a. i Rauavassdraget. Ørekyt som er ein framand art i dette vassdraget kom inn for ca 20 år sidan. Ein reknar med at ørekyt vart innført i Møsvatn på 1970-talet, og sidan har arten spreidd seg til Hondlevassdraget, til lokalitetar på Møsvasstangen og nedstrøms til Tinnsjå. Det er også ørekyt i Kalhovdmagasinet og i nedstrøms vassdrag.

 

Publisert: 24. november 2014 Sist oppdatert: 06. januar 2020