gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Utkast til planprogram og hovudutfordringar - AU 8. feb. 2019

Regional plan for vassforvaltning for Sogn og Fjordane vassregion vart godkjent i 2016 og gjeld til utgangen av 2021. Arbeidet er no starta opp med å oppdatere planen for perioden 2022 - 2027.

Utkast til førebuande dokument ligg no føre og vert handsama av arbeidsutvalet til vassregionutvalet 8. februar 2019. Fylkeskommunen vil gjennomføre høyring av planprogram og hovudutfordringar for vassregionen. Høyring av dokumenta vil skje i perioden 1. april - 30. juni 2019. Plandokumenta vert deretter vedteke av fylkeskommunen hausten 2019.

Det er planar om å slå saman vassregionane Sogn og Fjordane og Hordaland frå 1. januar 2020 til Vestland vassregion. Oppdatering av Regional plan for vassforvaltning vil vere for nye Vestland vassregion. Det er difor utarbeid eit felles planprogram for vassregionane Sogn og Fjordane og Hordaland. Vedlagt planprogrammet kjem hovudutfordringar i vassregionane. I dokumentet Hovutfordringar i vassregionen går  kunnskapsgrunnlaget til vassforvaltningsplanen for 2022 - 2027 fram.

Utkast til plandokument:

Planperiode 2016-2022:

Handlingsprogram 2019 - 2021 for regional plan for vassforvaltning 2016 - 2021 - Sogn og Fjordane vassregion

Planperiode 2022-2027:

Planprogram for Sogn og Fjordane og Hordaland vassregion (Vestland vassregion frå 1.1.2020)

Hovudutfordringar i Sogn og Fjordane vassregion

  • Vedlegg 1 Hovutfordringar i Nordfjord vassområde
  • Vedlegg 2 Hovutfordringar i Sunnfjord vassområde
  • Vedlegg 3 Hovutfordringar i Ytre Sogn vassområde
  • Vedlegg 4 Hovutfordringar i Indre Sogn vassområde
Publisert: 04. februar 2019 Sist oppdatert: 03. januar 2020