gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Kontroll av separate avløpanlegg

Sommaren 2019 vart 262 separate avløpsanlegg frå bustadar i fylket inspisert for å vurdere om dei oppfyller dagens rensekrav.

Vassområda i Sogn og Fjordane gjekk saman om leige NIBIO (Norsk institutt for bioøkonomi) til dette oppdraget. Rapporten syner at ca halvparten av anlegga er definert som infiltrasjonsanlegg, dvs at etter slamavskiljar (septiktankt) vert avløpet spreidd i stedeigne masser. Dette gir god reinseeffekt dersom det er rett konstruert. Av dei andre anlegga hadde 66 utslepp rett frå slamavskiljar til vassdrag eller sjø. Slike utslepp til vassdrag er ikkje i tråd med dagens krav. Utslepp til sjø etter slamavskiljar kan vere i tråd med krava dersom utsleppsstaden er minst 2 m under lågaste vasstand. Fleire av anlegga var anlagt i midten på 1900-talet og er truleg modne for oppgradering.

Publisert: 22. november 2019 Sist oppdatert: 03. januar 2020