gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Vestland vassregion - ny vassregion  frå 1. januar 2020

Sogn og Fjordane vassregion og Hordaland vassregion er slege saman frå 1. januar 2020 til Vestland vassregion. Vestland vassregion består hovudsakleg av Vestland fylke. Mindre areal av nabofylka inngår i vassregionen. Vestland vassregionutval og ein regional referansegruppe vert skipa i første halvår av 2020.

Rosendal Fotograf: Svein Klyve

Vestland vassregion

Vassregiongrensene følgjer vassdragsgrensene og ikkje dei administrative fylkesgrensene. Vassregionen er består i hovudsak av Vestland fylke, men også mindre areal frå grenseområda til Møre og Romsdal, Innlandet, Vestfold og Telemark, Viken og Rogaland inngår.

Vestland fylke har eit areal på 33 868 km2, 43 kommunar og 630 000 innbyggjarar.

Vassregionstyresmakt

Vestland fylkeskommune er vassregionstyresmakt for Vestland vassregion. Oppgåvene til vassregionstyresmakta (VRM) er definert i vassforskrifta. Dette inneber m.a. at;

  1. fylkestinget vedtek dei regionale planane etter ei tilråding frå vassregionutvalet (VRU)
  2. administrasjonen koordinerer og driv det daglege arbeidet og fremmer forslag for VRU for tilslutning av plandokument.

Vestland vassregionutval

Vassregionutvalet vert leia politisk av representantar frå Fylkestinget. Leiar av utvalet vert valt vinter 2020.

Vassregionutvalet er den viktigaste arenaen for regional samordning. Vassregionstyresmakta skal i samarbeid med vassregionutvalet utarbeide forslag til miljømål, utkast til forvaltningsplan og tiltaksprogram. Vassregionstyresmakta skal arbeide for at det vert oppnådd semje om utkast til vassforvaltningsplan og tiltaksprogram i vassregionutvalet.

Verkemidlar til å gjennomføre miljøforbetrande tiltak i vassdrag, i fjordane og langs kysten er lagt til mange ulike offentlege etatar, både statlege, fylkeskommunale og kommunar. Desse er samla i vassregionutvalet. Representantar i Vestland vassregionutval vil vere:

  • Vassregionstyresmakta (leiar)
  • Kommunar representert med leiar av vassområdeutvala (politisk representant)
  • Statlege etatar (aktuelle etatar: Fylkesmenn, NVE, Fiskeridirektoratet, Mattilsynet, Kystverket, Miljødirektoratet, Statens vegvesen, Jernbandedirektoratet, Forsvarsbygg og ev. Direktoratet for mineralforvalting)
  • Fylkeskommunar med areal i vassregionen
  • Vassområdekoordinatorar

Vestland vassregionutval vert skipa i første halvår av 2020. Før skiping av Vestland vassregionutval må leiarar av 9 vassområdeutval veljast. Leiar av vassregionutvalet vert oppnemnd av Fylkestinget vinter 2020.

Vassområder

Vestland vassregion er delt inn i 9 vassområde.

Alle vassområda er etablert med eit vassområdeutval og ein vassområdekoordinator. Vassområdeutvala vil framleis vere leia av ein kommune i vassområdet og ha ein viktig rolle i vassforvaltningsarbeidet.

Referansegruppe

Ein regional referansegruppe med representantar frå aktuelle rettshavarar, private og ålmenne brukarinteresser jf. vassforskrifta § 22 vert oppretta. Gruppa vert halde informert om arbeidet i vassregionen og har høve til å koma med innspel til arbeidet.

Ein regional referansegruppe vert skipa første halvår i 2020.

 

Publisert: 02. januar 2020 Sist oppdatert: 03. januar 2020